Borgarforsamling – demokratisk nyvinning for vår tid?

 
Assembly.png
 
 

Borgarforsamlingar er ei av fleire løysingar som er føreslått på problema med politisk misnøye, polarisering og fragmentering som pregar dagens vestlege demokrati.

19.–22. september var 500 amerikanarar samla i Dallas for å delta i ei storstilt demokratisk øving. Dei var plukka ut for å representera eit tverrsnitt av folket – “America In One Room” – og fekk i oppdrag å drøfta seg gjennom ein del av dei brennbare temaa i amerikansk politikk. Forskarane frå Stanford University ville blant anna sjå kva folk eigentleg meiner – ikkje berre når dei blir ringt opp av eit meiningsmålingsinstitutt, men når dei får tenkt seg om og diskutert med andre. Er veljarane eigentleg så polariserte som det politiske systemet gjer dei til? Kan politikarane læra noko av dei?

Øvinga i Dallas var teoretisk, men fleire land har teke i bruk liknande metodar for å utvida demokratiet. I juni kunngjorde til dømes det britiske underhuset at dei skal setja ned ei borgarforsamling (“citizens’ assembly”) som skal gje politikarane råd om korleis Storbritannia kan nå målet om netto nullutslepp innan 2050 på ein inkluderande og sosialt rettferdig måte.

Dei etter blant andre Irland, som fekk ei representativ gruppe av hundre irske borgarar til å drøfta endringar i grunnlova i forkant av folkerøystinga i 2018. Fleire meiner at arbeidet til borgarforsamlinga gjorde det lettare for det tradisjonelt konservative landet å gå inn for legalisering av abort.

Når både forskarar og politikarar har fatta interesse for borgarforsamlingar dei siste åra, er det fordi ein ser det som eit botemiddel mot den politisk misnøya, polariseringa og fragmenteringa av veljarmassen som pregar dagens vestlege demokrati. Fleire og fleire ser behov for nyvinningar som kan styrka tiltrua til det liberale demokratiet og minska gapet mellom folk og elitar.

Ideen om borgarforsamlingar har nokre fordelar over andre, meir velkjende forslag til korleis ein kan bøta på desse problema. Populistiske parti som Raudt og Frp vil gjerne ha fleire folkerøystingar, men erfaringane frå blant anna Brexit er lite tillitsvekkjande. Dei binære spørsmåla som blir stilt i folkerøystingar splittar folket i motstridande grupper, og reflekterer ikkje kompleksiteten og nyansane i alvorlege politiske spørsmål. 

Raudt har også føreslått å innføra ei ordning med borgarinitiativ, der folk kan samla underskrifter for å få ei sak løfta opp til debatt i Stortinget. Det er ikkje nødvendigvis dumt i seg sjølv, men erfaringane frå Danmark viser at det først og fremst er dei best organiserte pressgruppene – dei som allereie har lett for å få fram synspunkta sine – som når fram med slike initiativ.

“Populistparti som Raudt og Frp vil gjerne ha fleire folkerøystingar, men erfaringane frå blant anna Brexit er lite tillitsvekkjande.”

Borgarforsamlingar inviterer derimot inn folk på tvers av ulike skiljeliner i samfunnet, og som ikkje nødvendigvis er organiserte frå før, for å finna samlande løysingar på felles problem. Dei er sett saman for å vera representative, og skil seg slik frå meir tradisjonelle folkeforsamlingar der kven som helst kan møta opp og sterke pressgrupper lett kan dominera. Dei lar «vanlege folk» bli høyrte, men sikrar at dei får sett seg godt inn i ulike sider av sakene. Dei lar folk bidra med nyanseringar, avvegingar og kompromiss, ikkje berre «ja» eller «nei» til fastlagde alternativ.

Ein meir presis definisjon av konseptet blir gitt på nettsidene til det britiske parlamentet:

«Ei borgarforsamling er ei gruppe menneske som er samla for å drøfta ei eller fleire saker og treffa ein konklusjon om kva dei meiner bør skje. Deltakarane er valde for å spegla befolkninga når det gjeld demografi (til dømes alder, kjønn, etnisitet, sosial klasse) og av og til relevante haldningar (til dømes preferanse for ein stor eller liten stat). Deltakarane får tid og høve til å læra om og diskutera eit emne før dei når konklusjonane sine. Dei blir bedne om å gjera prioriteringar og å koma med tilrådingar som lar seg gjennomføra.»

 

“Dei binære spørsmåla som blir stilt i folkerøystingar splittar folket i motstridande grupper, og reflekterer ikkje kompleksiteten og nyansane i alvorlege politiske spørsmål.”

 

Borgarforsamlingar er eit uttrykk for ideen om deliberativt demokrati: at samfunnet kan finna gode og legitime politiske løysingar ved å utveksla kunnskap, argument og erfaringar i ein open og inkluderande diskusjon (deliberasjon). 

I nokre samanhengar blir no omgrepa deliberativt demokrati og borgarforsamlingar brukt synonymt. Det er upresist: Det finst (heldigvis!) mykje demokratisk drøfting utanfor formelle borgarforsamlingar, blant anna i den frie pressa, i kunst- og kulturlivet, i frivillige organisasjonar og i partia. Me finn eit uttrykk for dette i § 100 i grunnlova: Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

Dei politiske partia speler ei nøkkelrolle i den deliberative prosessen i moderne demokrati: det er i stor grad dei som kanaliserer synspunkt og diskusjonar frå lunsjborda og avisspaltene inn til foruma der dei formelle politiske avgjerdene blir tatt. Dei er også opne for kven som helst, og gir dermed innbyggjarane direkte høve til delta i politikkutforminga. 

 

“Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.”

 

I lys av dette kan ein lura på kva ein skal med borgarforsamlingar all den tid me har politiske parti? 

Problema med den demokratiske deltakinga og deliberasjonen i dei politiske partia i dag er fleire: 

1.    Ein veldig liten del av folket er aktive partimedlemer (om lag 2 prosent i 2017, ifølgje SSB), og dei som er det, er på ingen måte representative for resten av samfunnet. Borgarforsamlingar er derimot sett saman for å vere representative, og inkluderer folk som av ulike grunnar ikkje finn det naturleg å vera partimedlem. 

2.    Diskusjonar i eit parti er prega av at dei nettopp føregår i eit parti. Eit parti har mange andre omsyn å ta enn kva som er rett: dei må tenkja på kva som er taktisk eller strategisk riktig, kva veljarane meiner, kva andre parti meiner, kva partiet har sagt og gjort tidlegare, kva som passar med profilen til partiet og liknande. Slike omsyn slepp borgarforsamlingane å ta.

3.    Partia er byråkratiske og hierarkiske organisasjonar, og leiinga har betydeleg makt til å styra diskusjonar og prosessar for å få eit resultat dei er nøgde med. «Grasrota» kan også vinna fram, men det krev som regel aktiv organisering, alliansebygging og hestehandel; «krafta i det betre argumentet» er ikkje nok. Ein kjem ikkje utanom organisering i ei borgarforsamling heller, men det vil vera lausare og flatare struktur enn i eit parti, og det vil vera mindre avstand mellom interne inn- og utgrupper.

4.    Partia er dårlege på å ta inn kunnskap og argument «utanfrå». Forskingsresultat, ekspertkunnskap og praktiske erfaringar som ikkje passar med det partiet meiner frå før, fell fort gjennom i diskusjonen. Borgarforsamlingar kan lytta friare og opnare til kunnskap som ikkje nødvendigvis følgjer den partipolitiske logikken.

Desse avgrensingane bidrar til å svekkja kvaliteten på deliberasjonen, og dei svekkjer tilliten utanforståande har til utfallet av deliberasjonen. Liknande problem heftar også ved dei andre kanalane for påverknad som finst i dag, frå offentlege høyringar via frivillige organisasjonar til aktivisme i sosiale medium.

 

“Borgarforsamlingar kan vera verdifulle supplement, fordi dei legg opp til betre representativitet og høgare kvalitet på diskusjonane.”

 

Borgarforsamlingar kan og skal ikkje erstatta nokon av desse kanalane. Borgarforsamlinger kan vera verdifulle supplement, fordi dei legg opp til betre representativitet og høgare kvalitet på diskusjonane. Det gjer at folk kan ha større tillit til at konklusjonane deira er i tråd med grunnar som dei òg kunne ha slutta seg til om dei sat på den same informasjonen og hadde høyrt dei same argumenta.

Dei stadane der borgarforsamlingar har vore prøvd ut, har det vore gjort på ulike måtar, med ulike modellar, ambisjonsnivå og føremål. Meir utgreiing og eksperimentering trengst for å få det til å fungera, og ein er ikkje garantert suksess. Men det er all grunn til å ta debatten i Noreg òg. Den politiske uroa kjem neppe til å gå over av seg sjølv, og det trengst betre kanalar for input frå borgarane til dei som styrer.

Kanskje folket sjølve kan bidra med nye idear og betre løysingar på nokre av problemstillingane som i dag splittar partia og veljarane, som integrering, bompengar, velferdsreform, distriktspolitikk og klimaomstilling?


Bildet er tatt av Rick Barrett og er redigert av liberal.no.


Demokrati - 23. september 2019 - Runar B. Mæland