En fri forfatning

 
Stortinget.png
 
 

Grunnlaget for Noreg som ein fri, sjølvstendig og demokratisk stat vart lagt på litt over ein månad i 1814. 112 menn frå heile landet var då samla for å skriva ei grunnlov som trass feil og manglar er blitt hylla som ein av dei mest radikale og moderne i verda for si tid, og som har stått seg med gradvise endringar heilt fram til i dag. Korleis var dette mogleg?

For å gi svar på dette spørsmålet, har historikarar i seinare år leita fram ein fascinerande figur som lenge har vore gløymt frå historia: jussprofessor Johan Frederik Wilhelm Schlegel (1765–1836).

Blant dei 112 eidsvollmennene var det 25 juristar, som me må tru hadde stor påverknad på drøftingane. Av desse hadde alle utanom éin hatt Schlegel som lærar ved jusstudiet på Københavns universitet. Læreverket hans, Naturrettens eller den alminnelige rettslærens grunnsetninger (1798/1805) var den einaste obligatoriske pensumteksten som særskilt tok opp statsrettslege emne. Ifølgje jussprofessor Ola Mestad og kollegaer i forskingsprosjektet «Frihetens forskole» har Schlegel og læreverket hans gitt tydelege avtrykk på Eidsvoll-grunnlova.

 

“Grunnlaget for Noreg som ein fri, sjølvstendig og demokratisk stat vart lagt på litt over ein månad i 1814.”

 

Difor er det interessant å sjå nærare på Schlegel og kva han lærte. Naturretten viser at Schlegel var filosofisk skulert og godt oppdatert på moderne natur- og statsrettsleg litteratur, frå Grotius og Hobbes via Locke til Montesquieu og Rousseau. I tillegg var han oppdatert på moderne konstitusjonsutvikling og -debatt i Europa så vel som i USA, og gav ut ein Statistisk Beskrivelse af de fornemste europeiske stater (1793-4). 

Aller mest var han likevel prega av Kant. I dei to banda av Naturretten er det tett mellom referansane til Kant, og særleg til rettslæra Kant utvikla i Moralens metafysikk frå 1797, eit lite år før Naturretten kom ut. Kant utvikla der ein systematisk teori om rettane og pliktene menneska har overfor kvarandre, og konkluderte med at eit republikansk styresett – eit styre med menneskerettar, maktdeling og folkesuverenitet – var det rasjonelle idealet for alle samfunn.

Schlegel var overtydd om at Kant hadde funne vegen for menneska. I fortalen til Naturretten hyllar han Kants filosofi i svulstige ordelag som “en lære som med rette kan kalles himmelsendt; som gjør mennesket fritt, men samtidig binder ham på det strengeste til sine plikter; som opphøyer ham, uten å nære hans stolthet; som gjør mennesket til fyrste, og fyrsten til menneske; som bringer fred og samdrektighet, som så ut til å være forsvunnet for godt, tilbake til Jorden; og som ved et alminnelig broderbånd sammenknytter hele menneskeslekten fra pol til pol.»

 

“en lære som […] gjør mennesket fritt, men samtidig binder ham på det strengeste til sine plikter; som opphøyer ham, uten å nære hans stolthet; som gjør mennesket til fyrste, og fyrsten til menneske”

 

Schlegel var med andre ord ingen original tenkar, men såg det som sin misjon å formidla Kants tankar til nye generasjonar embetsmenn som kunne gjera dei til røyndom. Kva gjekk desse tankane ut på?

Mest grunnleggjande er prinsippet om at alle menneske er fødde med ein naturleg rett til ytre fridom, likskap og sjølvstende. Dette impliserer i neste omgang politiske rettar til ytringsfridom, næringsfridom og religionsfridom. Staten har som føremål å sikra desse rettane for alle borgarar - ikkje å gjera folket lukkelege.

Staten er nødvendig for å gi «den lovmessige frihets garanti» - garantien for at min bruk av min eigen fridom ikkje skal gå ut over din - fordi dei nøyaktige grensene for rettane våre er ubestemmelege i den lovlause naturtilstanden. Me kan ikkje unngå å krenka kvarandre og hamna i konflikt utan at det finst felles lover, nokon som dømer upartisk etter lovene, og nokon som effektivt kan handheva lovene – kort sagt, ein rettsstat. 

 

“Mest grunnleggjande er prinsippet om at alle menneske er fødde med ein naturleg rett til ytre fridom, likskap og sjølvstende.”

 

Schlegel, som Kant, avviser på det sterkaste ein samfunnsutopi der staten blir overflødig: «Aldri bør det tidspunkt inntreffe at menneskene skulle bestemme sine egne rettigheter, eller på egen hånd bruke makt 
for å gjøre disse gjeldende.» Staten er nødvendig for å sikra likeverdig fridom for alle borgarane. Men han må vera klart avgrensa: Staten skal ikkje ha noko generelt ansvar for folket si velferd eller lukke. «Det eneste regjeringen med fornuftens bifall kan gjøre for å fremme lykksaligheten er å sørge for alminnelige foranstaltninger som hjelper borgerne til å oppnå sine gagnlige hensikter bedre enn ved den enkeltes isolerte krefter.»

Likevel er ikkje staten utan sosialt ansvar. Schlegel argumenterer (også her sterkt inspirert av Kant) for at eitkvart sett av rettsreglar nødvendigvis slår dårleg ut for enkelte av borgarane. Mellom anna difor har styresmaktene ansvar å sikra oppseding, utdanning og ei leveleg inntekt for alle som ikkje maktar å skaffa seg dette på eiga hand eller gjennom familien, og dei kan tvinga «motvillige formuende å gi bidrag til dette formålet». Her peikar Schlegel fram mot dei såkalla økonomiske og sosiale rettane som gradvis er blitt tekne inn i grunnlova.

Sjølv om velferd ikkje er føremålet med staten, meiner Schlegel at ein liberal stat er den mest effektive måten å skapa framsteg og velstanden på. I eit fritt og rikt samfunn vil òg folket bli meir opplyst og sjølvstendig. Når dét skjer, vil Schlegel til og med gå med på at ei demokratisk styreform er den beste – men ikkje før.

 

“Me kan ikkje unngå å krenka kvarandre og hamna i konflikt utan at det finst felles lover, nokon som dømer upartisk etter lovene, og nokon som effektivt kan handheva lovene – kort sagt, ein rettsstat.”

 

Schlegel er tvisynt, men til sjuande og sist konservativ i synet på demokratiet. Han sluttar seg til det demokratiske grunnprinsippet om at alle lover skal verka til det allmenne gode – eit prinsipp han, som Kant, grunnar i ideen om samfunnskontrakten: ideen om at politisk autoritet spring ut av folket si sameinte vilje.  

På den andre sida meiner Schlegel at dette prinsippet ikkje treng bety at den lovgivande makta må ligga hos folket; det kan like gjerne bli ivaretatt av ein opplyst monark, som i Danmark, og dette må vera å føretrekka inntil den dagen då ein kan stola på at folket vil slutta seg til liberale lover.

Ved hjelp av dette tvisynet kunne Schlegel forsvara eineveldet – som den kongelege embetsmannen han trass alt var – samstundes som han utvikla idear som bar i seg eit meir radikalt potensial.

Schlegel sende sjølv eit grunnlovsutkast til Christian Frederik i forkant av Riksforsamlinga. Der gjekk han inn for at berre Kongen skulle kunna føreslå lover, og at Stortinget si rolle berre skulle vera å diskutera lovforslaga; Kongen skulle ha vetorett mot alle endringar Stortinget føreslo i lovene hans. Utkastet vart raskt lagt til side.

 

“Schlegel, som Kant, avviser på det sterkaste ein samfunnsutopi der staten blir overflødig”

 

Eidsvollmennene gjekk lenger enn Schlegel i demokratisk retning då dei slo fast i § 49 av grunnlova at «Folket utøver den lovgivende makt ved Stortinget». Her var dei meir på line med Kant.

Vektlegginga av ytringsfridom og næringsfridom i grunnlova var heilt etter Schlegels hjarte, og her kan eidsvollmennene ha vore direkte inspirerte av Naturretten. Men for Schlegel var dette berre to av tre grunnleggjande fridomar i det borgarlege samfunnet. Den tredje, religionsfridom, fekk langt mindre gjennomslag på Eidsvoll. 

I Naturretten slår Schlegel klart og tydeleg fast at «ingen religion bør erklæres for herskende i staten». Den einaste legitime makta staten har overfor kyrkja er å sikra at ho ikkje undergrev regjeringa og krenkjer andre sine rettar. På dette området kunne ikkje berre eidsvollmennene, men også fleirtalet på vårt eige storting med fordel ha lytta til Schlegel, som skreiv:

«Den så høyt priste toleranse, som tillater de som bekjenner seg til andre religiøse meninger enn den som er autorisert av regjeringen ytre gudsdyrkelse med flere eller færre innskrenkninger, er i grunn ingenting annet enn en forfinet intoleranse.»

Det er ei underleg blanding av progressive og reaksjonære tankar me finn når me les Schlegel med moderne briller. Framfor alt bør me likevel lesa Naturretten som eit sterkt forsvar for verdien av å ha ei grunnlov som sikrar borgarlege rettar for gjera fridomen lovmessig – likeverdig for alle, slik at ingen er underlagt andre si vilje.


Artikkelen byggjer på ein tekst som stod på trykk i Filosofisk supplement i 2014 saman med eit større utdrag av Schlegels læreverk i omsetjing til moderne bokmål. Denne teksten har også fleire kjeldetilvisingar. Les meir om og av Schlegel her.


Demokrati - 17. mai 2019 - Runar B. Mæland