Det sanne og det falske

 
Fake News.png
 
 

Når falske og vondsinna ytringar grumsar til samfunnsdebatten, og rasisme og vald er på frammarsj, kjem retten til ytringsfridom og rolla den har i samfunnet i krise. Med god grunn begynner folk å lura på kvar grensene skal gå og kva slags reglar som skal gjelda. Dette er eit komplisert tema, som krev at ein tenkjer grundig gjennom kva problem ein vil løysa og kva løysingar ein føreslår. Elles er ytringsfridomen i reell fare.

Propaganda frå russiskfinansierte trollfabrikkar (forsterka av datalekkasjar frå Facebook) kan ha bidrege til at Storbritannia stemte for å gå ut av EU og at Donald Trump blei vald til president i USA. Konspirasjonsteoriar som blir spreidde av alternative nyheitskanalar eller på sosiale medium fører somme gonger til valdsutbrott. Politikarar utnyttar krava om balanse, nyheitsdekning og marknadstilpassing i etablerte mediekanalar til å koma med grunnlause, sensasjonelle påstandar.

On Liberty (1859) legg John Stuart Mill fram det mest overtydande forsvaret for ytringsfridom, samvitsfridom og autonomi som nokon gong er skrive. Mill argumenterer for at den einaste grunnen til å avgrensa ytringar er for å hindra skade på andre, som med hatytringar og oppmodingar om vald. Bortsett frå dette må alle ytringar vera beskytta. Sjølv om me veit at eit synspunkt er falskt, seier Mill, er det galt å undertrykka det. Me unngår fordomar og dogmatisme, og oppnår forståing, gjennom å diskutera fritt og forsvara det me trur på mot andre oppfatningar.

 

“Mill argumenterer for at den einaste grunnen til å avgrensa ytringar er for å hindra skade på andre, som med hatytringar og oppmodingar om vald.”

 

I dag meiner fleire og fleire at desse synspunkta er naive. Mills argument passar betre til dei som framleis trur på den opne marknadsplassen for idear, der fri og rasjonell debatt er den beste måten å avgjera kva som er sant og falskt. Korleis kan nokon tru at me lever i ei slik verd? Det me har i staden er eit Ville Vesten av partiskheit og manipulering, der sosiale medie-guruar utnyttar åtferdspsykologisk forsking til å få brukarar til å spreia og slutta seg til absurde påstandar. Me har ei verd der folk lever i kognitive bobler med likesinna som deler kvarandre sine slagsider og fordomar. Ifølgje dette synet er vår vidunderlege, nye verd for utsett for propaganda og konspiranoia til at me kan basera oss på Mills optimisme om ytringsfridom. Viss me gjer det, risikerer me å hjelpa fram fascistiske og autoritære tendensar.

I boka How Fascism Works (2018) viser den amerikanske filosofen Jason Stanley til det russiske TV-nettverket RT, som presenterer alle slags misvisande og tendensiøse synspunkt. Viss Mill hadde rett, hevdar Stanley, så skulle RT og liknande propagandakanalar vore «paradigmet for kunnskapsproduksjon» fordi dei tvingar oss til å granska påstandane deira. Men dette er ein reductio ad absurdum av Mills argument.

På same måten spør Alexis Papazoglou i The New Republic om Nick Clegg, den tidlegare britiske visestatsministeren som blei Facebooks nye visepresident for kommunikasjon og samfunnskontakt, vil bli ført på ville vegar av si beundring for Mills On Liberty. «Mill ser ut til å ha meint at sanninga vanlegvis ville vinna fram i ein fri, open debatt, medan sensur ville føra til at me kom i skade for å undertrykka sanninga saman med løgna,» skriv Papazoglou. «Det er eit synspunkt som verkar litt gamaldags i ei tid med ein marknadsplass av memer og klikkåte på nettet, der falske historier har ein tendens til å bli spreidde raskare og vidare enn dei sanne motstykka.»

 

“Me har ei verd der folk lever i kognitive bobler med likesinna som deler kvarandre sine slagsider og fordomar”

 

Når viktige og falske oppfatningar og teoriar vinn fram i den offentlege samtalen, kan Mills vern om ytringar vera frustrerande. Men det er ingenting nytt med «falske nyheiter,» verken i dei sensasjonalistiske avisene på Mills tid eller i vår digitale medieæra. Likevel er det dumt og kontraproduktivt å prøva å løysa dette ved å avgrensa ytringar – det gir kredibilitet til dei illiberale kreftene du, paradoksalt nok, ønskjer å stilla. Det viser også ein elitisme overfor dei som har andre meiningar og ein kynisme overfor medborgarane sin fridom til å ta seg gjennom villniset på eiga hand. Viss me vil leva i eit liberalt, demokratisk samfunn, er rasjonelt engasjement den einaste løysinga. Heller enn å avgrensa ytringar burde me prøva å supplera Mills syn med effektive verktøy for å handtera vonde aktørar og falske oppfatningar som verkar overtydande på mange.

Falske nyheiter og propaganda er absolutt problem, som på Mills tid, men problema dei fører med seg er meir alvorlege enn at påstandane deira er usanne. Dei er trass alt ikkje unike ved at dei påstår noko usant, sjå berre på dei siste aviskorreksjonane. Viktigare er det at dei involverer vondsinna aktørar: personar og organisasjonar som med vilje spreier falske synspunkt som om dei var sanne, og som skjuler kven dei er og kva dei vil oppnå. (Tenk på dei russiske trollfabrikkane.) Alle som veit at dei har med vondsinna aktørar – folk som prøver å villeia – å gjera, ignorerer dei, og med rette. Det er ikkje verdt tida di å ta stilling til påstandane til nokon du veit prøver å lura deg.

 

“Viss me vil leva i eit liberalt, demokratisk samfunn, er rasjonelt engasjement den einaste løysinga”

 

Det er ingenting hos Mill som krev at me bryr oss med alle falske synspunkt. Det er altfor mange der ute, så folk må vera selektive. Openheit er nøkkelen, slik at folk kan vita kven eller kva dei har med å gjera. Openheit hjelper oss til å filtrera ut støy og fremjar ansvarlegheit, slik at vondsinna aktørar – dei som skjuler identiteten sin for å kunna villeia andre – kan fjernast.

Dei som kritiserer Mill klarer ikkje å sjå sanninga som er blanda saman med dei falske synspunkta dei ønskjer å hindra, og som gjer dei overtydande. RT, for eksempel, har dekt mange saker, som finanskrisa i USA, økonomisk ulikskap og imperialisme, meir presist enn etablerte nyheitskanalar. RT brukar også opplyste kjelder som blir ignorerte av andre. Kanalen har kanskje tendens til å skapa fiendebilete av USA og så splid, men ofte gjer den dette ved å seia sanne ting som ikkje blir dekte av amerikansk mainstream-media. Opplyste tv-sjåarar veit at dei må sjå RT og alle andre nyheitskjelder med skepsis, og det er ingen grunn til å ikkje visa den same respekten overfor heile publikum, med mindre du antar at du er betre til å døma om kva ein skal tru på enn medborgarane dine.

 

“Mill hadde rett i at det typiske tilfellet ikkje er synspunkt som er falske, men synspunkt som blandar sant og falskt”

 

Mill hadde rett i at det typiske tilfellet ikkje er synspunkt som er falske, men synspunkt som blandar sant og falskt. Det er meir effektivt å prøva å ta tak i det som er sant i synspunkta me foraktar enn å prøva å bannlysa dei for det me meiner er falskt. Den kanadiske psykologen og Youtube-sensasjonen Jordan Petersen, for eksempel, seier ting som er feil, misogynt og illiberalt, men ein mogleg grunn til at så mange følgjer han er at han anerkjenner og talar til ein mangel på meining og verdiar i livet til mange unge menn. Her er den rette tilnærminga å lirka laus det sanne og overtydande frå det falske og giftige, gjennom velbegrunna overveging. Denne vegen, i spora etter Mill, gir betre sjansar til å vinna over dei som er tapte til synspunkt me mislikar. Det hjelper oss også til å betra vår eiga forståing, slik Mill i sin klokskap føreslo.


Teksten var først publisert på Aeon.co og er omsett av Runar B. Mæland. Bildet er tatt av Elijah O'Donnell og er redigert av liberal.no.


Liberalisme - 10. juni 2019 - David V. Johnson