Til krig mot ytre høgre

 
Krig liten.png
 

I Hvorfor ytre høyre vinner debatten – og hvordan vi kan stoppe dem gir samfunnsdebattant og MDG-politikar Eivind Trædal sine bod på korleis det breie, tolerante fleirtalet i norsk politikk kan slå tilbake mot offensiven frå ytre høgre. Han rettar skytset sitt mot Human Rights Service, Document.no, Resett og politikarane på ytterflanken i Frp; aktørar som presenterer seg som talerøyr for den tause majoriteten sine legitime bekymringar, men som i praksis bidrar med lite anna enn ytterlegare polarisering og forsøpling av debatten.

Boka spring ut av den famøse Dagsnytt 18-debatten der Trædal saman med Rune Berglund Steen i Antirasistisk Senter tok eit prisverdig oppgjer med Resett-redaktør Helge Lurås og Document-redaktør Hans Rustad. For alle som vil la seg inspirera til liknande oppgjer i kommentarfelta og ved lunsjbordet, gir boka mykje god ammunisjon i form av analysar og argument.

Ordet «ammunisjon» er ikkje tilfeldig vald: Trædal vil nettopp ha oss ut i krigen. Den pågåande «kulturkrigen» er erklært av ytre høgre, men svaret kan ikkje vera å heva seg over krigsskodeplassen og setja seg på gjerdet — slik liberale redaktørar, kommentatorar og politikarar har gjort til no, ifølgje Trædal.

Krigen er sjølvsagt av metaforisk art, men det er ein metafor Trædal legg stor vekt på i boka. Han bles i krigshornet med gjentakande støyt: «Tilhengerne av et liberalt og mangfoldig samfunn må stille opp til kulturkrigen»; «Progressive stemmer må delta i denne kulturkrigen, med våre egne fortrinn.» Han reflekterer ei oppfatning av ytre høgre som «en voksende eksistensiell trussel» som må nedkjempast, nær sagt med alle middel, før dei nedkjempar oss.

Å nærma seg debattar og verdikonfliktar i samfunnet med kulturkrigen som berande metafor er eit val med visse konsekvensar for korleis ein oppfattar seg sjølv, motparten og handlingsalternativa sine. Det er grunn til å frykta at krigstenkinga kan leia til høgare konfliktnivå, forhasta konklusjonar og dårlege val, og eg saknar at Trædal reflekterer over slike potensielle fallgruver og avgrensingar.

Trass i tittelen på boka, er det ikkje slik at ytre høgre vinn debatten i dag, noko Jan Arild Snoen også har tatt opp i Minerva. Som Trædal sjølv peikar på: Eit stort fleirtal av oss deler ikkje tankegodset til ytre høgre, rasistiske haldningar blir mindre og mindre vanlege, Frp har tapt i oppslutnad ved kvart val dei siste ti åra, og samfunnsdebatten er mykje meir mangfaldig enn for berre få år sidan. Det er lite som tyder på at denne utviklinga plutseleg skal snu, sjølv om Listhaug og Resett er populære på Facebook.

Men synspunkta som ytre høgre representerer, er komne for å bli. Roger Eatwell og Matthew Goodwin forklarer i ei fersk bok at det er langsiktige og robuste trendar som ligg bak framveksten av nasjonalpopulismen dei siste åra. David Goodhart peikar sameleis på at nasjons- og tradisjonsbundne «somewheres», gruppa der ytre høgre utgjer eit ytterpunkt, ikkje er i ferd med å bli fortrengte av liberale, universalistiske «anywheres».

Me må rekna med at gamle og nye framsteg for openheit og mangfald vil føra med seg reaksjonar blant folk som meiner det har gått for langt, for fort eller i feil retning. Det betyr ikkje at me ikkje skal reagera tilbake. Me må gjera det me kan for unngå at dei veks i radikal og ekstrem retning, og slå eintydig ned på hets, sjikane og truslar. Men sjølv sterkt konservative synspunkt i spørsmål om kultur og innvandring treng ikkje ha noko ibuande antidemokratisk eller valdeleg potensial, og me må finna måtar å leva med dei på.

Trædal gir ikkje noka skarp avgrensing av ytre høgre. Tvert imot legg han vekt på at ytre høgre dannar eit økosystem der ytterleggåande og moderate stemmer gjensidig styrkar kvarandre. Det går med andre ord eit kontinuum frå Listhaug via Resett til Breivik og NMR, og alt av konsesjonar til eller kompromiss med stemmer og synspunkt frå eit punkt langs dette kontinuumet bidreg også til å styrka antidemokratisk og valdeleg ekstremisme. Denne analysen er driven av ei forståeleg frykt, men er frykta velgrunna? Ny skandinavisk forsking gir grunnar til å tvila. Førekomsten av høgreekstrem vald er mindre i land der høgrepopulistar er representerte i nasjonalforsamlinga, og innvandringskritiske veljarar har større tillit til demokratiet i land der høgrepopulistiske parti vert inkluderte i samarbeid.

Krigslogikken inviterer til å «setja hardt mot hardt» og slå tilbake med same mynt når ytre høgre speler skitent. Trædal åtvarar mot å «spela sjakk mot gjørmebrytarar», og trekkjer i denne samanhengen fram Barack Obama som ein «tragisk figur» som la til rette for Trump ved å halda fast på liberale demokratiske prinsipp i møte med eit meir og meir høgreradikalt republikansk parti. Steven Levitsky og Daniel Ziblatt argumenterer motsett i How Democracies Die: Dei peikar på at Obama mellom anna sette ny rekord i unilaterale presidentordrar som reaksjon på obstruksjon frå republikanarane, og dei åtvarar mot «hardt mot hardt»-strategien fordi han berre byggjer opp under polariseringa og forvanskar ein retur til eit sunnare demokratisk klima.

Krigslogikken inviterer til anten/eller-tenking: Anten er du med oss, elles er du med fienden. Problemet er at inndelinga i «det tolerante fleirtalet» og «ytre høgre» ikkje er svart/kvit; mange av dei som opplever at Listhaug set ord på legitime bekymringar, eller at Document og HRS tek opp reelle problemstillingar, vil ikkje utan vidare la seg plassera i nokon av kategoriane. Faren er at når desse blir ein del av fiendebiletet, kjem dei også til å identifisera seg med «fienden» og grava seg lenger ned i skyttargravene. Krav om at røyster frå ytre høgre ikkje skal få koma til orde i debattar og avisspalter kan til dømes lett tenkjast å ha ein slik effekt.

Krigslogikken gjer at kven folka på «fiendesida» er, kva dei vil og kva som motiverer dei, blir spørsmål av underordna interesse. Trædal fokuserer i boka først og fremst på dei som etter hans syn er hærførarane i krigen, som Lurås og Rustad, og på bakspelarane som finansierer og heiar dei fram. Dei enkelte fotsoldatane, eller for den del sivilistane som støttar dei, er ubetydelege i dette biletet.

Om me heller nærmar oss problemstillinga med utgangspunkt i metaforen om samfunnsdebatten som ein marknadsplass – ein metafor Trædal forkastar – får me eit anna bilete. Då blir det klart at ein ikkje berre kan sjå på aktørane på tilbodssida, slik Trædal gjer. Ein må også sjå på etterspurnadssida: dei som les, følgjer, likar og kommenterer. Kven er dei, og kva trekkjer dei mot ytre høgre? Trædal har lite å seia om dette. Han er inne på at det dreier seg om ein «identitetspolitikk for majoriteten», med krav om anerkjenning av ein gruppeidentitet ein opplever som trua, men til sjuande og sist kokar også dette ned til «rasisme».

Alle Rights- og Resett-lesarar er ikkje rasistar, sjølv om det er truleg at fleire kan bli det i ekkokammera deira. Som Bjørn Gabrielsen har peikt på i Dagens Næringsliv, underspeler Trædal i kva grad desse menneska opplever at engasjementet deira er forankra i den verkelege verda. Men også når rasisme er ein del av biletet, og det er det utan tvil i mange tilfelle, må ein grava vidare i røtene for dette; som sosialpsykologen Jonathan Haidt har peikt på, må «rasisme» vera startpunktet for undersøkinga, ikkje endepunktet.

Trædal etterlyser «et selvsikkert og eksplisitt forsvar for et mangfoldig samfunn som kommer fra hjertet, og hverken er ispedd unnskyldninger eller flitrert gjennom innforståtte henvisninger til årstallet eller ‘internasjonale forpliktelser’.» Spørsmålet er korleis eit slikt forsvar skal nå fram til andre enn dei som allereie er overtydde. Om ein skal ha håp om å klara noko slikt, trengst det ei betre forståing av kva som driv etterspurnaden etter det ytre høgre har å tilby. Så må ein ut og kjempa om kundane.

Det kan ikkje bety å tilby ei slapp etterlikning av ytre høgre. Men kanskje må det bety å ta på alvor uroa deira, og bruka argument som appellerer til verdiar dei kan tenkjast å dela. Ingen marknadsstrategi kan garantera siger. Men det kan heller ikkje nokon annan tenkbar strategi, militær eller ikkje.

 

 

Bilde er tatt av Stijn Swinnen og er redigert av liberal.no.

Liberalisme — 4. april 2019 — Runar B. Mæland