Kan liberale verdiar vera absolutte?

 
Globe.png
 
 

Er liberalismen ein idé som berre passar til vår tids Vesten, til denne bestemte historiske, sosiale og geografiske konteksten? Eller er liberalismen rett for alle, for alle folk og aldrar og kulturar? Med andre ord, bør liberale verdiar sjåast som relative eller absolutte?

Faktisk er svaret verken eller. Det er mogleg å styra mellom lokalt forankra relativisme på den eine sida og ahistorisk absolutisme på den andre. 

Oppfatninga av liberalismen som relativ til eit land eller ein kultur er utbreidd. Ein vanleg respons på innvandring—særleg muslimsk innvandring—til vestlege land er den paniske uroa for at nykomarane ikkje deler «vestlege liberale verdiar». Innvandrarar bør tvingast til det som eit vilkår for å bli ønskte velkomne; dei som kjem til «vårt» land må overta «våre» verdiar, lyd omkvedet.

Men det kan virke rart å forsvara liberale verdiar ved å appellera til nasjonalisme, felles kultur og tradisjonar. Det som skil det liberale Vesten frå si eiga mørke historie er fleire hundreår med endring, tufta på avvisinga av tradisjon og argumentet om at «dette er slik me gjer ting». Liberale verdiar kan ikkje forsvarast ved å sjå bakover og innover, fordi dei er tufta på eit perspektiv som er retta framover, mot framtida og mot større delar av menneskeslekta.

Sjølv dei som forsvarar mangfald innan verdiar og praksisar appellerer ofte til ein eigen form for relativisme. Liberalarar bør tolerera sjølv dei som er illiberale og intolerante, fordi det er «deira» verdiar, rotfesta i «deira» kultur og historie. Dette fører til ei uroande moralsk føyelegheit, både heime og borte. Sjølvsagt bør folk i Vesten læra om dei kulturelle meiningane bak praksisar som synest forstyrrande før dei grip inn mot dei, men relativisme forhindrar sjølv gjennomtenkt kritikk. Forfedrane til liberalismen avviste tradisjonen for å kjempa mot undertrykkinga som ein gong dominerte i Vesten; deira filosofiske etterkomarar kan ikkje vera forplikta til å tolerera æresdrap, kjønnslemlesting eller steining berre fordi dette er tradisjonar visse stader.

 

“Liberalismen må aldri bli forsteina og dogmatisk. Verdssynet vårt må vera ope for revisjon i lys av nye erfaringar og omstende.”

 

Viss liberalismen ikkje kan vera lokal og relativistisk, bør han likevel ikkje skli over i ein kompromisslaus absolutisme og universalisme. Å insistera på at liberalismen slik han manifesterer seg i Vesten i dag er ei tidlaus, allmenn, absolutt moralsk rettesnor er like farefylt og historisk medvitslaust som å appellera til «våre verdiar».

Ein absolutistisk liberalisme stiller dessutan innvandrarar overfor eit tragisk val. Mange av dei som kjem til vestlege land har ein identitet som er gjennomsyra av idear om slektskap, ære, tru og tradisjon. Viss vestlege kulturar har sagt det siste ordet om kva som verkeleg betyr noko, finst det ikkje rom att for slike identitetar. Viss det er alt eller ingenting—anten vestleg liberalisme eller banda til heimstad og forsamling—bør ein ikkje vera for håpefull om at alle vil velja førstnemnte. Den avvisinga skapar farlege kløfter i samfunnet.

Meir grunnleggjande sett er det feil å tru at moralske og politiske verdiar er sanne eller falske for all æve. Slike prinsipp er ikkje som fysiske lover. Som Columbia-filosofen Philip Kitcher antydar i boka The Ethical Project (2011), bør me ikkje sjå verdiar og prinsipp som tidlause sanningar, men i staden som ein slags «sosial teknologi»—som løysingar på problema som oppstår i forsøka våre på å leva saman som menneske. Dette er ikkje relativisme. Likt ei teknologisk nyvinning kan eit prinsipp anten løysa problemet det var tillaga for eller ikkje. Verdiar er rette og gode berre i den grad dei gjer at folk kan leva akseptable liv saman. Dette er den pragmatiske mellomvegen.

 

“Me bør ikkje sjå verdiar og prinsipp som tidlause sanningar, men i staden som ein slags ‘sosial teknologi’—som løysingar på problema som oppstår i forsøka våre på å leva saman som menneske.”

 

På same måten som med teknologiar, vil ikkje ei løysing på eit historisk problem vera nyttig til alle tider. Kapitalismen, for eksempel, gjorde at vestlege samfunn kunne frigjera seg frå fattigdomen under føydalismen, men han skapar nye problem som kan krevja at han ein dag må oppløysast. Kvotering av marginaliserte minoritetsgrupper er ei løysing på eit historisk problem med rasediskriminering, men når det fører til symbolsk representasjon og klasseblindskap er det klart at det ikkje kan vera endemålet. Dette er lærdomen dei amerikanske pragmatistane William James og John Dewey tok frå den store britiske liberalaren John Stuart Mill: Liberalismen må aldri bli forsteina og dogmatisk. Verdssynet vårt må vera ope for revisjon i lys av nye erfaringar og omstende.

Ved å prøva å trekkja opp ein pragmatisk midtstrek mellom relativisme og absolutisme, vil liberale demokrati i Vesten ha ein ny bodskap overfor innvandrarbefolkninga. Nykomarar bør akseptera liberale verdiar, ikkje berre fordi dei tilfeldigvis gjeld i landet, eller fordi dei er tidlause sanningar, men fordi dei har vist seg å fungera for dei som har prøvd dei ut, fordi dei lar folk leva gode liv, fordi kulturane som har levd etter dei har oppnådd eineståande tryggleik, helse, vørdnad og velferd. 

 

“Kapitalismen gjorde at vestlege samfunn kunne frigjera seg frå fattigdomen under føydalismen, men han skapar nye problem som kan krevja at han ein dag må oppløysast.”

 

Men liberalarar må også vera opne for at dei kan endra måten dei ser ting på ved å lytta til dei nye stemmene. Folk i vesten kan læra noko verdifullt, slik dei gjorde då dei byrja å lytta til dei som ein gong var ekskluderte, som jødar, kvinner, svarte og dei fattige. Dialog med innbyggjarar i innvandrartette nabolag som har teke vare på særtrekk ved meir samanknytte landsbysamfunn, kan visa korleis ein kan motverka den trykkande einsemda og framandgjeringa i moderne storbymiljø. Ved å lytta til folk som har vakse opp med tradisjonell respekt for dei eldre, kan moderne samfunn finna alternativ til faststivna statlege mekanismar for å løysa problema som følgjer med eldrebølgja. Og ein mangesidig samtale mellom ulike livssyn kan hjelpa oss bort frå dei fastlåste frontane mellom gudstru og ateisme, ved å utvinna ein tinktur av allmennmenneskeleg livsmeining frå den farlege cocktailen religion kan vera. 

Viktigast av alt: Viss vestlege verdiar vert sett som pragmatiske, som opne for endring og mottakelege for nye idear, vil innvandrarar få tilbod om ei ny moglegheit: ikkje berre å bli del av eit vestleg samfunn, men å bidra til å forma det.


Først publisert på aeon.co. Omsett til norsk av Runar Bjørkvik Mæland. Bildet er tatt av Tom Grimbert og er redigert av liberal.no.


Liberalisme — 22. mars 2019 — Max Hayward