Er utsleppa dømt til å gå opp?

 
Pollution.png
 
 

Klimagassutsleppa må ned. Likevel gjekk norske klimagassutslepp opp med 0,4 prosent i 2018. Kva skuldast dette - og kva gjer vi med det?

At norske utslepp, etter to år med nedgang, gjekk opp igjen i 2018, er opplagt ikkje bra. Men sjølv om dette verken kan eller bør unnskuldast, er det likevel mogleg og nødvendig å forklare. 

Utsleppa i Noreg gjekk ned både i 2016 (-0,9 prosent) og 2017 (-1,69 prosent). Utsleppsnedgangen i 2017 var nok likevel kunstig stor, sidan innblandinga av palmeolje i norsk drivstoff var på heile 317 millionar liter.  

Det kuttar rett nok norske utslepp, sidan utslepp frå biodrivstoff er ein del av det naturlege karbonkrinslaupet på jorda og dermed ikkje tel med på utsleppsstatistikken. Samstundes bidreg bruk av enkelte typar råvarer, særleg palmeolje, til avskoging i stor skala. På grunn av denne indirekte konsekvensen har det blitt lagt til grunn at bruk av palmeolje som drivstoff i beste fall går i null kva gjeld globale konsekvensar for klimaet. I verste fall kan det bidra til store indirekte utslepp på grunn av avskoging. 

Regjeringa har difor varsla kraftige innstrammingar i vilkåra for bruk av palmeolje som biodrivstoff. Dette har, saman med forbrukarkampanjar, fått konsekvensar i marknaden. Og i 2018 vart bruken av palmeolje i drivstoff redusert med heile 2/3 - til 93 millionar liter. Dette er ein ønska politikk. Bruken av avansert (berekraftig) biodrivstoff auka med 40 prosent i fjor, og er no dobbelt så stor som bruken av palmeolje. Så biodrivstoffsatinga er på ein langt betre kurs enn tidlegare. I sum gjekk likevel utsleppa frå vegtrafikken opp. Rett nok vart det seld mindre bensin og diesel enn året før, men sidan andelen innblanda biodrivstoff (d.v.s. palmeolje) var lågare enn tidlegare, vart det ein større andel fossilt drivstoff i den bensinen og dieselen som faktisk vart brukt. 

 

“bruk av palmeolje som drivstoff i beste fall går i null kva gjeld globale konsekvensar for klimaet. I verste fall kan det bidra til store indirekte utslepp på grunn av avskoging”

 

Palmeolje er likevel ikkje heile forklaringa på at utsleppa samla gjekk opp med 0,4 prosent. I følgje dei førebelse tala til SSB var det også ein liten auke av utsleppa i industrien, samt ein relativt stor auke i kategorien «luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskapar m.m.». Sidan dette omfattar bygg- og anleggssektoren, reflekterer det nok den store veksten i økonomien generelt. Det kan også vere verdt å merke seg at sjølv om vår største eksportnæring (olje og gass) er ein klimaversting, er også vår nest største eksportnæring (fiske og havbruk) kjelde til store utslepp. Arbeidet med grøn skipsfart, der regjeringa er i sluttspurten med ein eigen strategi, er med andre ord svært viktig. 

Endeleg kan vere verdt å nemne at sjølv om utsleppa gjekk opp i industri og luftfart, og ned innanfor petroleumsproduksjon, er alle desse utsleppa omfatta av EUs felles kvotesystem. Det betyr at aktørane må kjøpe kvoter for å få lov til å sleppe ut klimagassar, ein mengde kvoter som minskar for kvart år. Slik blir dei totale utsleppa heile tida mindre, samstundes som dei som driv mest effektivt overlever. I sum gjekk utsleppa frå kvotepliktig sektor i EØS-området ned med 3,9 prosent i 2018. 

Kva er så sluttsummen av alt dette for Noreg? Over tid er norske klimagassutslepp redusert med 1,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar (3 prosent) sidan 2015. Samanlikna med toppåret 2007 er utsleppa no 7 prosent lågare. Norske utslepp går med andre ord ned over tid, sjølv om dei kan variere frå år til år (og månad til månad).

Vi må likevel gjere mykje meir. Og mykje er allereie på gong.

 

“Vi må likevel gjere mykje meir. Og mykje er allereie på gong.”

 

Frå 1. januar neste år innføre regjeringa krav om innblanding av avansert biodrivstoff i flydrivstoff. Det vil få direkte effekt på utsleppa frå luftfarten. 

Regjeringa har freda elbilfordelane fram til 2021, trass i at inntektstapet for statskassa blir større år for år. No har salet verkeleg tatt av, og for tida er annankvar selde bil ein nullutsleppsbil. Dette vil for alvor merkast i utsleppsstatistikken framover, og vi ser tendensar allereie no. Salet av petroleumsprodukt har så langt i år gått ned med rundt 7 prosent.

Ein av sektorane der utsleppa auka i 2018 er som sagt skipsfart. Men dei næraste åra vil 80 null- og lågutsleppsferjer bli satt inn i teneste. Snart legg også regjeringa fram sin handlingsplan for grøn skipsfart. Norske verft og reiarlag ligg heilt i front når det gjeld lågutsleppsteknologi. Seinast i førre veke vart Color Hybrid kåra til Ship of the year, eit passasjerskip som får 33 prosent lågare utslepp enn alternativet når det kjem i drift. Der bli no regelmessig stilt krav om lågutsleppsløysingar i offentlege anbod. Men det vil sjølvsagt ta lang tid å få skifta ut store delar av flåten innanfor dei ulike fartøyskategoriane. Skipa må først bestillast, derettar byggjast, deretter setjast på vatnet.

 

“sjølv om vår største eksportnæring (olje og gass) er ein klimaversting, er også vår nest største eksportnæring (fiske og havbruk) kjelde til store utslepp”

 

Ein annan sektor der utsleppa gjekk opp, er bygg og anlegg. Regjeringa med eit mål å gjere norske bygg- og anleggsplassar fossilfrie innan 2025, og vi har varsla eit forbod mot bruk av mineralolje til byggtørk og byggvarme.

Er det så noko meir ein bør gjere? Fleire har (med rette) reagert på at utsleppa går opp, og lanserer sine løysingar på problemet. 

BT ber på leiarplass regjeringa om to tiltak for å kutte utslepp: Støtte til karbonfangst- og lagring (CCS), og støtte til havvind. Ingen av tiltaka vil ha effekt på norske utslepp på mange år. Men er likevel viktige. Når det gjeld CCS, har vi full driv framover – og har bedt Stortinget om ei løyving på 345 millionar kroner til å starte boringa av ein brønn for dette allereie i år. Når det gjeld havvind, har vi auka opp løyvingane til statsforetaket Enova så kraftig at dei no har økonomisk handlingsrom til å støtte prosjekt som Equinor si havvind-satsing på Tampen, dersom dei meiner dette vil bidra til klimakutt og teknologiutvikling.

Også opposisjonen er utolmodige, og har samle seg om eit dokument for «grønn vekst». Skjønt, samla seg og samla seg. Alt som er av problemsaker mellom opposisjonspartia blir sjølvsagt gått forbi i stillheit, det vere seg olje- og gasspolitikken, landbruket, EU-samarbeid, avgifter, fornybar energiproduksjon, kraftkablar til utlandet eller andre problemsaker. Når det gjeld politikken opposisjonspartia trass alt har samla seg om - som stort sett handlar om å gi støtte til ulike teknologisatsingar, til dømes karbonfangst- og lagring eller tilrettelegging for elfly - er regjeringa stort sett i full gong med alt allereie. Med unnatak av dei mindre kloke forslaga, som å sørgje for billegare bensin i distrikta. Stortingsrepresentant Stefan Heggelund har skrive godt om dette i Dagbladet. 

Eg skriv ikkje dette for å kritisere verken Bergens Tidende eller opposisjonen for å vere lite ambisiøse i klimapolitikken. Men for å understreke at det rett og slett finst svært få forslag som vil påverke norske utslepp på kort sikt, altså dei næraste par åra. Det einaste måtte vere å legge ned industrianlegg, noko eg oppfattar at svært få tar til orde for. Å legge om økonomien i berekraftig retning er eit langsiktig arbeid, der det viktigaste er at ein jamnt, men trutt fasar inn låg- og nullutsleppsløysingar. Og då tel absolutt alt: Fleire elbilar, fleire elferjer, meir biodrivstoff, betre kollektivtilbod, karbonfangst- og lagring, høgare CO2-avgift, vern av skog og myr, færre nye petroleumsprosjekt, mindre kjøttforbruk, meir effektive fiskebåtar etc. etc. etc.

Nettopp for å kutte utslepp på brei front, og for å få eit godt avgjerslegrunnlag for dette, har regjeringa satt i gong arbeidet med det vi kallar klimakur 2030. Her har Miljødirektoratet, i samarbeid med ei rekke andre fagetatar, fått i oppdrag å gi regjeringa ein «meny» for korleis utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor kan reduserast med 50 prosent innan 2030 på ein kostnadseffektiv måte. Arbeidet skal vere ferdigstilt i løpet av året, og vil danne grunnlag for mange viktige avgjersler for å kutte utsleppa i sektor etter sektor i åra framover.

Regjeringa jobbar på brei front. Innsatsen for å kutte utslepp må forsterkast dei komande åra. Ingen skal vere i tvil om at dette er Venstre si hovudoppgåve i regjering. Og vi må lukkast. Ikkje av omsyn til regjeringa og Venstre, men av omsyn til klimaet.


Sveinung Rotevatn er statssekretær i klima- og miljødepartementet. Bildet er tatt av Patrick Hendry og er redigert av liberal.no.


Miljø - 11. juni 2019 - Sveinung Rotevatn